Mødre, Rationelt Fjøsstell og Edderkoppen

Forfatter: 
Forlag: 
Pris: 
kr 249,-
Utgivelsesår: 
2012
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
300
ISBN: 
9788279901174
Språk: 
Originalspråk: 

Denne utgjevinga inneheld tre tidlege skodespel av Hulda Garborg: Mødre (1895), som var det første skodespelet ho skreiv, Rationelt Fjøsstell (1896) og Edderkoppen (1904). I dette tidsrommet var ho mellom anna oppteken av å prøve ut ulike dramatiske uttrykksformer, og ho vekslar mellom fleire genrar: komedie/farse, eventyrspel og realistisk problemdrama. Samtidig vil ein finne fleire av hennar mest varige tema her: spørsmål som spenner frå kvinners ansvar/medansvar til samfunnsutviklinga i kjølvatnet av moderniteten på 1800-talet.

Mødre (1895) er lagd til landsbygda og til eit miljø som har bondesamfunnets organisasjonsform og verdinormer. Det er ei bygdenorsk kvinneverd som vi her møter, og den framstår som integrert i lokalsamfunnet på ein måte som skildringar frå byborgarlege miljø sjeldan gjer. Noe som ikkje inneber at det dreiar seg om alternativ litteratur, i alle fall ikkje ved første augnekast. Det er tradisjonen som her talar; den har til dei grader ordet at den vrenger ut det heimeblinde som det sjølvsagde m.a. bygger på. I Rationelt Fjøsstell (1896) signaliserer tittelen eit ganske radikalt stemningsskifte samanlikna med Mødre. Borte er det lagnadstunge mørkret på storgarden Kaarmo og dei smaløygde eller desperate menneska der. Nå er scena flytta høgt til fjells og til eit småbruk som minner om Uren, Luren, Himmelturen. Her spelar handlinga seg ut i friluft, dvs. på tunet, og her finst knapt eit einaste spor etter menneskeleg destruktivitet hos dei fastbuande, i alle fall ikkje i den eldre generasjonen. Skodespelet Edderkoppen blei utgjeve anonymt i 1904, og oppført på Nationaltheatret same året, framleis utan at forfattarens namn blei oppgitt. Bakgrunnen for anonymiteten var at intrige og personval er basert nokså direkte på tilhøve i forfattarens barndom; Hulda Garborg seier sjølv i eit brev til Amalie Skram at det ville vere umogeleg å publisere teksten i eige namn. Og det kan ein forstå; Edderkoppen er, på fleire måtar, eit dristig prosjekt for si tid. Og når styret i Nationaltheatret greip inn og fekk stykket teke av plakaten etter tre dagar, så hadde det nok med risiko å gjere, og ikkje med «publikumssvikt», som det blei sagt. For sjølvsagt hadde det siva ut kven forfattaren var, og dermed kven som truleg var portrettert i skodespelet. [Frå etterordet]

Etterord av Elidrid Lunden