Norsk klædebunad

Forfatter: 
Forlag: 
Pris: 
kr 349,-
Utgivelsesår: 
2016
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
160
ISBN: 
9788279901334
Språk: 
Originaltittel: 
Norsk klædebunad
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
monoceros

«I dag er det ei alminneleg oppfatning blant norske folkedraktforskarar at Hulda Garborg er den enkeltpersonen som i størst grad har påverka norsk bunadsarbeid og bunadsbruk. Saman med ‘Heimen’-sidene, personleg rådgjeving og tallause foredrag, var 1917-utgåva av Norsk Klædebunad det viktigaste påverknadsmediet hennar.

Av alle dei norskdomsinitiativa som blei tekne for vel hundre år sidan, må Hulda Garborgs bunadsarbeid vera det mest slitesterke og vellukka. Bunader er i dag populære. Folkedrakter blir rekonstruerte og bunadsskatten er i vidareutvikling som aldri før. Draktene har fått sitt eige glossy magasin i Narvesen-hyllene.

Hulda hadde også ein vill tanke om at folkedraktene skulle inspirera til ein norsk mote. Det initiativet opplevde ho som ein av sine tapte kampar. Men i dag blir ideen teken vidare av blømande firma som Oleana, Huldresølv og designarduoen Arne og Carlos.

Hulda-arven gjer framleis livet i landet frodigare ved sida av og i dialog med nye kulturuttrykk. Slik ho sjølv utvikla sin ‘norske’ i fri dialog med innan- og utanlandske impulsar, med eigne og andres idear og med vår fargerike folkelege kunstarv.»

(Utdrag frå Arnhild Skres etterord.)