Troll i ord

Forfatter: 
Pris: 
kr 249,-
Utgivelsesår: 
2009
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
192
ISBN: 
9788279900702
Språk: 
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
Aina Griffin

Det vekte åtgaum då Asbjørn Aarnes – einsynt brukar av riksmålet, mangeårig preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur – gav ut ei samling epistlar på ramaste nynorsk. Ein spurde seg: Har noko hendt han? Har han skift side, eller har han gått i barndomen? Sjølv har han skildra det som at det gjekk hol på ei tunne. I nynorsken fann han røyster til heimekjende og framande aktørar. No er tunna tom. Ferda har gått frå logoskulturen i sudlanda til det tagale nord. Sidan sist har Aarnes skrive ei bok om Snorre Sturlason og den norrøne kjensla. I denne andre samlinga med epistlar er det norske innslaget større, og me kjem nærare eit svar på den språklege gåta: Det er i det som skil seg ut og som set grenser, at dei to måla våre har si grunngjeving. I den førre boka vart det spurt om Aarnes hadde vorte bergteken eller om han var komen heim. Han har vore ingen av delane. Han har vandra i eit mål og i eit landskap som alltid har vore der.


Aarnes har slått seg til i moderniteten, med vemod, vandrende mellom modernitetens demring og dens skumring, mellom Descartes og Kafka.

Rune Slagstad, Klassekampen

Her møter eg ein kombinasjon av humor, forteljeglede, lærdom og livsfilosofi som eg aldri har sett nokon annan stad.

Jan Inge Sørbø, Morgenbladet

Kvar side har større forklåringskraft enn hyllemeter på hyllemeter med biografiar og folkeminnegransking.

Jon Hustad, Forskerforum

Stubbene er vakre, åpne, lærde, til å le og gråte av. Tidvis er de villet gåtefulle, tidvis temmelig frivole.

Tore Rem, Dagbladet