|
Forlag: Bokvennen Forlag AS
Utgitt: 10. mai 2012
Innbinding: trådinnbundet
Oversatt av: Grete Kleppen
Omslagsdesign: Aina Griffin
Sidetall: 176
Språk: Nynorsk
Leveringstid: 2–5 virkedager
ISBN: 9788274882768
Bestillingsnr.: 882768
Pris: kr. 349,-
Les svært positiv anmeldelse i Morgenbladet her
Les svært positiv anmeldelse i Klassekampen her
Last ned omslagsbilde her! (JPG)
Oversatt av Grete Kleppen
Hyperdraum handlar mellom anna om tid og tap. Notida saman med den gamle mora og ei tenkt framtid utan henne. Notida utan venen Jacques Derrida og likevel med han. «Eg er i dei aller siste tidene, no veit eg det ut frå eit fråvær av viten men eg veit det med alle sansane mine. Desse tidene deler seg i to utstrekningar av tider i rørsle, ustadige som to gjennomsiktige kontinent som slår seg saman og går over i kvarandre, blandar seg og skil seg frå kvarandre slik som dei to tårna våre som er eit einaste tosjela tårn i kroppen vår.»
Teksten rører seg mellom filosofiske refleksjonar rundt døden, litteraturtårnet til Montaigne, kvardagsliv med forunderlege innslag, venskap, minne, draumar – og ein sengebotn som familien har hatt i alle år. Først no får forteljaren vite at mora kjøpte denne sengbotnen av Walter Benjamin i 1932. «Der han sjølv la ned draumane sine om draumar, håpa sine og fryktene sine, tekstene sine som spraka i sterke fargar av angst, knallblått eldrødt kvitt.»
Hélène Cixous (f. 1937) er ein internasjonalt kjend forfattar. Dei fleste bøkene hennar er fiksjonstekstar, man ho har også skrive fleire skodespel og teoretiske tekstar.
Hyperdraum er den femte boka av Hélène Ciouxs som er omsett til norsk av Grete Kleppen. Dei tre første er Osnabrück (2003), Blendverk (2006), Gull, breva frå far min (2008) og Sypress – så nær (2010). For omsetjinga av Blendverk fekk Kleppen Bastianprisen 2007.
|