Aarnes, Asbjørn

Asbjørn Aarnes, f. 1923 på Vågbø, Nordmøre. Professor i europeisk litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo 1964–1992. 

Asbjørn Aarnes har skrive ei lang rekkje bøker om norsk og fransk litteratur, millom andre Diktningen hos Gérard de Nerval. Hans estetikk og poesi (1957), Stadier i fransk idéliv (1998), Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum (2004) og Lyset i nord. Et Snorre-album (2008). I 2006 kom den fyrste samlinga epistlar på nynorsk, Råka av røyndom. 

Han har òg gjeve ut omsetjingar av fransk og tysk litteratur, millom andre Fortellinger av Franz Kafka (1985), Den filosofiske intuisjon av Henri Bergson (1989) og Underveis mot den Annen av og om Emmanuel Levinas (1998). 

Medredaktør av Idé og tanke 1960–1985. Redaktør av Thorleif Dahls Kulturbibliotek 1978–2001. Preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur 1967–1982.

Bibliografi