Garborg, Hulda

Hulda Garborg (1862–1934) skreiv romanar, artiklar, reisebrev, dagbøker og skodespel. Etter debutromanen Et fritt Forhold  i 1892, varte det ikkje lenge før ho skreiv sine eigne dramatiske verk. Hennar første skodespel, Mødre. Drama i 3 Akter, hadde premiere på Christiania Theater 23. oktober 1895. Garborg sin  dramatiske produksjon utgjer totalt tretten skodespel. Berre eit av dei var for barn – Tyrihans.

Hulda Bergersen veks opp i tronge kår hos si fråskilde mor, først på Hamar, seinare i Kristiania. I 1887 gifte ho seg med den kjende forfattaren og målmannen Arne Garborg. Hulda Garborg var eit arbeidsjern og ein organisator gjennom heile sitt liv. Ho starta arbeid med norske folkedrakter, folkedans og Det norske Spellaget som seinare blei til Det Norske Teatret.

Bibliografi