Steinsvik, Marta

Marta Steinsvik (1877–1950) var teolog, egyptolog, omsettar, målkvinne og forfattar. Ho vart som første kvinne uteksaminert frå Menighets­fakultetet og første kvinne som talte frå preikestolen under ein gudsteneste. Ho studerte egyptisk i London, og i 1917 kom boka Gammelægyptiske mysterie-indvielser, som ho skreiv parallelt med Isis-sløret. Steinsvik var aktiv i offentleg ordskifte, og har òg ein rik, samfunns­kritisk forfattarskap med utgjevingar som Sankt Peters himmelnøkler (1928), Kvinner som prester (1934) og Kvin­nor­nas självmordspolitik (1938).

Bibliografi